Mange bedrifter ventar med rekrutteringa til etter ferien. Det er forståeleg, men ikkje alltid lurt. Når mange startar prosessane samtidig i august, blir konkurransen om dei gode kandidatane større.
Difor kan sommaren vere eit smart tidspunkt å vere synleg på.

For sjølv om folk har ferie, sluttar dei ikkje å tenke på jobb og framtid. Jobbundersøkelsen 2026 viser at 47 prosent av yrkesaktive er passive kandidatar. Dei søker ikkje nødvendigvis aktivt etter ny jobb, men er opne for å byte dersom den rette moglegheita dukkar opp. Rapporten viser òg at 57 prosent av dei passive kandidatane har sett på stillingar, medan 15 prosent faktisk har sendt inn søknad.
Det betyr at rekruttering ikkje berre handlar om å treffe dei som allereie er på jobbjakt. Det handlar like mykje om å bygge kjennskap og interesse hos dei som følger med frå sidelinja.
Skal ein få kandidatar til å vurdere eit jobbskifte, må ein vite kva som faktisk betyr noko for dei. I Jobbundersøkelsen 2026 svarar 60 prosent at høgare løn enn dei har i dag kan få dei til å flytte til ein annan by, eit anna fylke eller ein annan landsdel for å starte i ny jobb. Samtidig peikar nær halvparten på ei spennande eller unik karrieremoglegheit.
Det viser at ei stillingsutlysing bør gjere meir enn å ramse opp arbeidsoppgåver. Ho bør gi kandidatane ein grunn til å stoppe opp: Kva kan bedrifta tilby? Kvifor er dette ei moglegheit verd å vurdere? Og kva gjer arbeidsplassen attraktiv – fagleg, sosialt og økonomisk?
Flyttevilje kan òg vere eit større potensial enn mange trur. Undersøkinga viser at nesten 1 av 3 kan flytte for ein betre stad å bu, 28 prosent for å kome nærare familie, vener eller kjæraste, og 15 prosent kan flytte tilbake til staden dei kjem frå. Blant dei som bur i Oslo, svarar om lag 1 av 5 at dei kunne flytta tilbake for å bu der dei voks opp.
For bedrifter i regionen betyr det at rekruttering ikkje treng å vere avgrensa til dei som bur her i dag. Den rette stillinga, presentert på rett måte, kan òg treffe kandidatar som har tilknyting til området – eller som ønskjer seg noko anna enn storbylivet.
– Mange trur sommaren er ein dårleg periode for rekruttering, men det kan faktisk vere motsett. Når konkurransen om merksemda er lågare, kan ei god stillingsutlysing få meir plass hos dei rette kandidatane, seier Rune Henden, bransjeansvarleg for Stilling ledig i Polaris Marked Nordvest.
Henden har jobba over 15 år med stillingsmarknaden, og meiner mange bedrifter undervurderer verdien av å vere tidleg ute.
Samtidig er det viktig kvar stillinga er synleg. I sosiale medium kan bodskapen fort forsvinne i straumen av postar, kampanjar og algoritmar. I redaktørstyrte medium står stillinga i ein meir truverdig samanheng, der lesaren er vant med å finne kvalitetssikra innhald, lokale nyheiter og relevant informasjon.
– Rekruttering startar ofte lenge før nokon trykker på «søk». Difor bør bedrifter vere synlege der kandidatane faktisk bruker tid – også når dei ikkje aktivt er inne på jobbportalar, seier Henden.
For bedrifter som skal tilsette nye folk til hausten, kan sommaren gi eit forsprang. Ei god stillingsutlysing no kan skape merksemd, byggje interesse og gjere bedrifta meir synleg før rekrutteringskampen hardnar til.
Skal du tilsette nye folk?
La stillinga di få større oppmerksomhet gjennom sommaren medan kandidatane har tid til å vurdere nye moglegheiter.
Lys ut stillinga di gjennom Polaris Marked Nordvest
Kjelde: Jobbundersøkelsen 2026, FINN/Vend.
