Same, same – but KI?


Når alle brukar same verktøy, korleis får bedrifta fram det som gjer den unik?


KI kan lage ein stillingsannonse på sekund. Men dersom teksten og materiellet kunne vore brukt av kva som helst bedrift, har du spart tid på produksjonen og hoppa over det viktigaste: Å gi rett kandidat ein grunn til å velje deg.

«Spennande arbeidsoppgåver. Eit dynamisk arbeidsmiljø. Gode utviklingsmoglegheiter.»

Alt kan vere sant. Likevel sit kandidaten att med det same spørsmålet: Kva betyr dette for meg? Det er enkelt å be KI skrive ein profesjonell stillingsannonse. Utfordringa er at «profesjonell» fort kan bli glatt, generell og påfallande lik alle dei andre annonsane kandidaten møter. Det same gjeld materiellet. Eit polert bilde, ein pen bakgrunn og ei overskrift om «nye utfordringar» kan fylle annonseflata. Men kva fortel det eigentleg om jobben?

Når alle lovar det same, blir det vanskeleg å sjå kvifor ein skal velje akkurat di bedrift.

I urolege tider sit det lenger inne å byte jobb

Ein stillingsannonse blir gjerne skriven frå arbeidsgivaren sitt perspektiv: Vi treng ein person. Dette er oppgåvene. Dette er krava. Kandidaten vurderer noko anna: Er denne moglegheita interessant nok til at eg skal bruke tid på ein søknad?

For ein person som allereie er i jobb, kan eit byte bety å forlate gode kollegaer, ein kjend kvardag og tryggleik. Då er «konkurransedyktige vilkår» og «eit godt arbeidsmiljø» eit tynt grunnlag å ta ei avgjerd på.

Kandidaten treng noko konkret å vurdere. Meir fagleg ansvar. Ei betre arbeidstidsordning. Høve til å påverke. Eit fagmiljø å lære av. Kortare reiseveg. Eller oppgåver som gir ny energi.

Kva som veg tyngst, varierer frå stilling til stilling og frå person til person. Derfor må også bodskapen variere.


Stillingsnamnet er likt, men ikkje jobben

Ein økonom i ei lita verksemd kan få ansvar for heile økonomifunksjonen. Ein økonom i eit større konsern kan bli del av eit spesialisert fagmiljø. Begge stillingane kan ha same tittel, men appellere til ulike kandidatar.

Det same gjeld ein sjukepleiar, ein mekanikar eller ein salsleiar. Arbeidstid, utstyr, leiing, kundar og ansvar formar jobben langt meir enn tittelen åleine. Ber du KI om «ein annonse for ein erfaren salsleiar», gir du verktøyet eit stillingsnamn. Du har enno ikkje gitt det historia om jobben.

Den historia må de finne sjølve.

Snakk med nærmaste leiar og dei som kjenner arbeidskvardagen. Kva skal den nye medarbeidaren få til? Kva er krevjande? Kva får folk til å trivast og bli verande?

Der ligg råstoffet til ein annonse som skil seg ut.


Byt ut fine ord med noko kandidaten kan sjå føre seg

«Varierte arbeidsoppgåver» seier lite. «Du følger prosjektet frå første kundemøte til ferdig levering» gir eit bilde av kvardagen.

«Gode utviklingsmoglegheiter» er ein lovnad. Betalt vidareutdanning, ein namngitt mentor eller opplæring i nytt utstyr gjer lovnaden konkret – dersom det faktisk er dette de tilbyr.

«Du må vere ein lagspelar» er ei forventning. Å forklare korleis medarbeidarane samarbeider, hjelper kandidaten å forstå kva forventninga inneber.

Ein enkel test er å byte ut firmanamnet med namnet på ein konkurrent. Fungerer annonsen like godt då? I så fall har de truleg meir å hente.


Rett innhald gir deg større moglegheiter hos dei rette kandidatane

Ei lang søkarliste kan sjå lovande ut. Men verdien ligg i kor mange som har føresetnadene for å lykkast i jobben. Godt innhald kan hjelpe deg å nå søkarar med rett kompetanse, rett haldning og rett innstilling til oppgåvene. Då må du forklare kva dette betyr hos dykk.

Treng de nokon som utfordrar etablerte arbeidsmåtar? Ein som skaper ro og struktur? Eller ein som deler kunnskap og løftar kollegaene rundt seg? Beskriv behovet gjennom konkrete oppgåver og situasjonar. Då får kandidatane eit betre grunnlag for å kjenne seg igjen – og for å vurdere om dei vil søke.

Ver også tydeleg på det krevjande. Reiseverksemd, skiftarbeid eller ansvar for ei større omstilling bør vere synleg tidleg. Ein truverdig og ærleg annonse gir realistiske forventningar.

Rett innhald skal gjere det lettare for rett kandidat å seie: «Dette vil eg vite meir om.»


Ein velskriven KI-tekst kan framleis vere feil

KI kan gi teksten god flyt utan at innhaldet er godt nok kontrollert. Verktøyet kan legge til krav om utdanning, sertifikat eller systemkompetanse som de aldri har meint å krevje. Det kan også formulere lovnader om fleksibilitet eller utvikling som de ikkje kan innfri. Eit unødvendig krav kan få ein kvalifisert kandidat til å velje bort jobben. Ein lovnad utan dekning kan svekke tilliten når kandidaten kjem til intervju.

Vurder også kven teksten og bilda inviterer inn. KI kan vidareføre stereotypiar om kven som passar i eit yrke. Materiell som berre viser éin type menneske, kan gi eit snevrare inntrykk av kven de ønsker enn de meiner å gi. Diskrimineringsforbodet gjeld frå stillinga blir lyst ut. Diskriminerande krav eller formuleringar kan vere ulovlege, og arbeidsgivaren har ansvaret for det som blir publisert.


Det ekte ligg i det menneskelege

Annonsemateriellet skal gi kandidaten eit inntrykk av arbeidsplassen dei kan bli ein del av. Derfor bør bruken av KI i det grafiske arbeidet vere avgrensa og gjennomtenkt. Eit KI-generert team viser ikkje kollegaene kandidaten skal møte. Eit oppdikta kontor fortel lite om arbeidsmiljøet. Sjølv om resultatet ser profesjonelt ut, kan særpreget som gjer bedrifta interessant, forsvinne.
Vis dei faktiske menneska, dei verkelege oppgåvene og arbeidsplassen slik han er. Eit smil frå ein framtidig kollega eller eit bilete frå ein vanleg arbeidsdag kan gi kandidaten noko konkret å kjenne seg igjen i.
Det menneskelege særpreget er noko av det mest verdifulle de har i rekrutteringa. La det få plass i annonsen.


Spel KI god

KI blir meir nyttig når grunnlaget er konkret. Gi verktøyet informasjon om arbeidskvardagen, kandidatane de ønsker å nå og kva de faktisk tilbyr.

Be om ulike vinklingar. Be KI kutte flosklar. Be KI peike på kva ein kandidat framleis vil lure på etter å ha lese teksten. Så må de vurdere svaret: Stemmer det? Er det relevant? Høyrest dette ut som oss?

– Kvar stilling er unik og må behandlast deretter. KI kan gjere produksjonen raskare, men verdien ligg i å få fram kvifor akkurat denne jobben er interessant for akkurat dei kandidatane bedrifta treng. Det krev at vi kjenner både stillinga og arbeidsplassen, seier Rune Henden, bransjeansvarleg for Stilling ledig i Polaris Marked Nordvest.

Dei fleste kandidatane er passive

Når bodskapen er på plass, må han nå fram. Kandidaten kan vere aktivt på jakt, eller trivast i jobben sin og likevel vere open for ei betre moglegheit.

Tekst, materiell og kanalval må derfor fungere saman. Annonsen skal vekke interesse, stillingssida skal gi svar og distribusjonen skal gjere moglegheita synleg for relevante menneske.


Gi rett kandidat ein grunn til å velje dykk.
Ta kontakt med Polaris Marked Nordvest. Vi får fram det som gjer jobben attraktiv – og sørger for at dei rette kandidatane får sjå stillingsannonsa.